NHO-oppgjeret 2023: Du skal sitte igjen med meir i lommeboka

Her startar lønnsoppgjeret 2023 idet krava fra YS og Delta vert overleverte NHO mandag 27. mars.
Her startar lønnsoppgjeret 2023 idet krava fra YS og Delta vert overleverte NHO mandag 27. mars.

Lønnsoppgjeret i NHO er i gang! Her vert rammene for andre sektorar lagt. I år er det viktig at medlemmene vert sikra auka kjøpekraft.

Måndag 27. mars starta lønnsoppgjeret i NHO-området (frontfaget) og med det er årets lønnsoppgjer i gang. I år er det mellomoppgjer, og det inneberer at det først og fremst skal forhandlast om pengar. YS har overlevert krava, ein kombinasjon av sentrale tillegg, betring av minstelønnssatser og garantiordningar som fremjer likelønn og motverkar lågtlønn.

Medlemmenes kjøpekraft må aukast samanlikna med i fjor. Større overskot til eigarane og meir i bonus og leiarlønningar syner at det er rom for at også dei tilsette kan ta ut sin del av verdiskapinga.

Marit Solheim forhandlingsleiar NHO foto Siv M Bjelland.jpg
- Delta forventar at medlemmene etter lønnsoppgjeret får meir å rutte med etter at rekningane er betalte enn det som var tilfelle i fjor, seier forhandlingsleiar Marit Solheim i samband med at krava våre vart overleverte NHO.

- Norsk økonomi går godt, men våre medlemer får stadig mindre i lommeboka. Sånn kan det ikkje halde fram, seier Deltas nestleiar og forhandlingsleiar for Delta-medlemmene i NHO-området, Marit Solheim.

- Utteljing på lønnsslippen betyr mykje for å sikra rekruttering. Dette er yrke som yter velferda i samfunnet vårt, seier ho.

Velferda vert skapt av menneske, dei må ha ei lønn å leve av.

(Saka fortset etter videoen)

Delta forklarar mellomoppgjeret

- Krev større del av verdiskapinga

Medlemmene har sakka akterut og fått mindre igjen i lommeboka med reallønnsnedgang for andre år på rad. Lønnsforskjellene mellom grupper, og mellom kvinner og menn, har auka. Det viser berekningane etter lønnsoppgjeret i fjor.

Lønnsauken i industrien har vore betydeleg høgare enn frontfagsramma dei siste tre åra. YS stiller seg bak frontfagsmodellen, men da må anslaget for lønnsauken i frontfaget vere truverdig.

- Mange av våre medlemer i privat sektor har opplevd dårleg lønnsutvikling dei siste tre åra. Vi krev at partane vert einige om løysingar for desse gruppene, seier forhandlingsleiaren i Delta.

Fakta om Delta sine forhandlingar i NHO-området

  • Forhandlingsdelegasjonen frå Delta består av nestleiar Marit Solheim og spesialrådgjevar Sveinung Berger frå arbeidslivsavdelinga i Delta.
  • Dette er eit samordna oppgjer. Det betyr at det vert forhandla samla for alle tariffavtalar som er inngått mellom YS-forbund og NHO. Også dei seks NHO-tariffavtalane Delta er part i vert omfatta av forhandlingane.
  • Ein tredel av Deltas medlemmer innanfor NHO er omfatta av Funksjonæravtalen. I mellomoppgjeret er denne avtalen ikkje ein del av dei sentrale forhandlingane, det er berre lokale forhandlingar.

  Fristen for NHO-oppgjeret 2023 er 30. mars kl. 24.00

Marit Solheim og Sveinung Berger NHO mellomoppgjør foto siv M Bjelland.jpg
Forhandlingsdelegasjonen frå Delta består av nestleiar Marit Solheim og spesialrådgjevar Sveinung Berger frå arbeidslivsavdelinga i Delta. Her på veg inn til forhandlingsoppstart i NHO. Foto: Siv M. Bjelland

Mellomoppgjeret 2023 Delta – NHO

  • I mellomoppgjeret forhandlar alle organisasjonane saman.
  • YS forhandlar om generelle økonomiske tillegg med bakgrunn i det inntektspolitiske dokumentet.
  • Forhandlingane omfattar om lag 16 000 medlemmer frå følgjande YS-forbund: Delta, Negotia, Parat, Safe og YTF.

Dette er hovudkrava til Delta i mellomoppgjøret:

  • Høgare lønnsvekst enn prisvekst – reallønnsvekst til medlemmene
  • Eit ekstra løft til offentleg sektor grunna lågare lønnsauke samanlikna med industrien og store delar av privat sektor
  • Mesteparten av lønna blir fordelt sentralt, der det er aktuelt
  • Den økonomiske ramma skal i hovudsak nyttast til generelle lønnstillegg og heving av minstelønnssatsane i tariffavtalen/overeinskomsten
  • Kompetanse skal lønne seg
  • Lønnstillegg som minsker skiljet mellom kjønna
  • Leiarar skal ikkje ha høgare lønsauke enn andre grupper