YS Stat varslar streik frå 24. mai

YS Stat tar ut flere Delta-medlemmer som jobbar i Arbeids- og velferdsdirektoratet og Skattedirektoratet i streik om partane i lønnsoppgjeret i staten ikkje kjem til semje hos Riksmeklaren.

-Vi jobbar som alltid for semje i meklinga. Om det ikkje lykkast, blir det streik frå starten av arbeidstida 24. mai, seier Marit Solheim, 2. nestleiar i Delta og leiar av Deltas forhandlingsutval i staten.

YS Stat varslar i dag at 37 Delta-medlemmer kan bli tatt ut i streik. Desse jobbar i Arbeids- og velferdsdirektoratet (23) og Skattedirektoratet (14).

Partane i lønnsoppgjeret sit no hos Riksmeklaren, og må komme fram til eit resultat innan klokka 24.00 måndag 23. mai.  

Merk at ikkje alle medlemmer på dei aktuelle arbeidsplassane er tatt ut i første fase i ein eventuell streik. Dei som er tatt ut frå første dag har fått SMS frå Delta.

- Medlemmene vi vil ta ut i ein eventuell streik er viktig for drifta. Arbeidsgjevar vil merke dette frå første dag om det blir streik, seier Deltas 2. nestleiar.

Solheim understrekar alvoret i situasjonen nokre få dagar før meklingsfristen.

- Kraftig prisvekst og aukande renter treff medlemmene våre ekstra hardt. Det er utan tvil våre medlemmer sin tur no. Dei fortener og treng eit realt lønnsløft. 

(Teksten fortsetter under bildet)

Marti_Solheim_innspurt_mekling_22.jpg
Marit Solheim er 2. nestleiar i Delta og leiar av Deltas forhandlingsutval i staten. (Foto: Nadia Frantsen)

Prisveksten åt opp lønnsveksten for statlege tilsette i 2021. I tillegg har tilsette i staten fått mindre i lønnsoppgjera enn tilsette i privat sektor, to år på rad.  

– Medlemmene våre er kvardagsheltane i statlege tenester. Utan dei stoppar staten opp. Dette må gjenspeglast i årets oppgjer, understrekar Solheim. 

Delta er ein del av YS Stat, og det er Pål Arnesen som leiar forhandlingane på vegner av alle YS-forbund. 

– Det er klart at dei økonomiske krava må innfriast, og det er tydeleg krevjande for arbeidsgjevar. Vi aksepterer ikkje eit tredje år på rad med lågare lønnsvekst enn samanliknbare grupper, seier Arnesen.

Les meir på jegerstatsansatt.no

YS Stat er ein samanslutning av følgjande YS-forbund som har statstilsette medlemmer: 
Delta, Skatteetatens landsforbund, Parat, Befalets Fellesorganisasjon, Norsk Tollerforbund, Stafo, Kriminalomsorgens Yrkesforbund, Finansforbundet og Skolelederforbundet.

Til deg som er ein del av streikeuttaket

Har du fått beskjed om at du er tatt ut i streik dersom det ikkje blir semje i meklinga i lønnsoppgjeret for tilsette i staten?
Her finn du meir informasjon om bakgrunnen for meklinga og korleis du forheld deg.

Deltas medlemmer i staten

I desse verksemdene jobbar hovuddelen av Deltas medlemmer i staten.

  • NAV og Helfo
  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
  • Havforskingsinstituttet
  • Landbruksdirektoratet
  • Fiskeridirektoratet
  • Sivilforsvaret
  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
  • Statens havarikommisjon
  • Utanriksdepartementet
  • Kriminalomsorgen
  • Hovudredningssentralen
  • Skatteetaten