Lønnsoppgjeret 2022: Brot i forhandlingane – fare for streik i staten

- Det er openbart at årets oppgjer må sørge for at medlemmene får ein solid auke av kjøpekrafta, sier Marit Solheim, 2. nestleiar i Delta og leiar av Deltas forhandlingsutval.
- Det er openbart at årets oppgjer må sørge for at medlemmene får ein solid auke av kjøpekrafta, sier Marit Solheim, 2. nestleiar i Delta og leiar av Deltas forhandlingsutval. Foto: Per Tandberg

–Vi gjekk inn i dette oppgjeret med høgst realistiske krav. Derfor er vi svært skuffa over det tilbodet staten la på bordet til medlemmene våre. Det var ikkje mogleg å akseptere.

Marit Solheim, 2. nestleiar i Delta og leiar av Deltas forhandlingsutval, er oppgitt etter at det fredag 29. april vart brot i lønnsoppgjeret for Deltas medlemmer i staten. No er det fare for streik i staten frå 24. mai. 

– Prisveksten åt opp lønnsveksten for statlege tilsette i 2021. I tillegg har kvardagsheltane i staten fått mindre i lønnsoppgjera enn tilsette i privat sektor, to år på rad. For å ta igjen det tapte, kravde derfor Delta og YS Stat solid auke i kjøpekrafta då lønnsoppgjeret starta 20. april.

LES ÒG: Kvardagsheltane fortener eit realt lønnsløft

Solheim er tydeleg på at medlemmene i staten må sitte igjen med pengar etter at dei faste utgiftene er betalte. 

– Krava våre er svært ansvarsfulle.  Alle tilsette i staten har gjennom innsatsen sin under pandemien bidratt til at Norge som nasjon har komme seg gjennom svært krevjande tider. 

Deltas 2. nestleiar er uroleg for dei svært høge straumprisane, utsikter til stor auke i matvareprisane, varsel om fleire renteauker og stor uvisse rundt kva krigen i Ukraina kan føre til av prisvekst på ei rekke varer og tenester. 

– I eit slikt perspektiv er det openbart at årets oppgjer må sørge for at medlemmene får ein solid auke av kjøpekrafta, seier ho.

For stor avstand

Det er YS Stat som forhandlar på vegner av Delta og alle andre forbund i YS som har medlemmer i staten.

- Trass gode prosessar, og ikkje minst forhandlingsviljen til partane, må vi berre registrere at avstanden er altfor stor mellom tilbod og krav på økonomi. Tilbodet frå staten tilsvarar resultatet i frontfaget, noko som ikkje vil kompensere verken kravet vårt om realauke i kjøpekrafta eller etterslepet samenlikna med privat sektor, seier Pål N. Arnesen, leiar for YS Stat.

Oppgjeret går no til mekling, og dersom partane ikkje blir samde innan 23. mai klokka 24.00, blir det streik i staten frå 24. mai. 

Her jobbar Deltas medlemmer i staten

•NAV og Helfo
•Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
•Havforskingsinstituttet
•Landbruksdirektoratet
•Fiskeridirektoratet
•Sivilforsvaret
•Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
•Statens havarikommisjon
•Utanriksdepartementet
•Kriminalomsorgen
•Hovudredningssentralen
•Skatteetaten