Fare for streik i NHO-oppgjeret

YS og NHO møtest til mekling fredag 14. og laurdag 15. april. Meklingsfristen går ut ved midnatt, natt til søndag 16. april.
Viss partane ikkje blir samde innan fristen, kan nærare 1 500 YS-medlemmar bli tatt ut i streik frå søndag 16. april.
– Vi står fast på kravet om auka kjøpekraft når vi no går inn i mekling med NHO. Mange av medlemsgruppene våre har hatt ein stor nedgang i reallønna dei siste åra. Dette kan ikkje halde fram, seier Deltas nestleiar og forhandlingsleiar for Delta-medlemmane i NHO-området, Marit Solheim.
– Vi håpar sjølvsagt å unngå arbeidskonflikt, men dette er no opp til NHO. Etter to år med reallønnsnedgang er auka kjøpekraft eit heilt rimeleg krav. Medlemmane våre er grunnstamma i velferds-Norge. Det er på tide med eit ekstra lønnsløft til kvardagsheltane våre, seier Solheim.
- Ein generell lønnsnedgang blir resultatet viss NHO ikkje innfrir krava. Det er ikkje vegen å gå for å sikre rekruttering til desse viktige yrka i velferds-Norge, seier Marit Solheim.
- Les også: Brot i forhandlingane mellom YS og NHO
Kan bli streik fra søndag
YS varsla tidlegare denne veka Riksmeklaren om plassfråtreding for 1 441 YS-medlemmar. Desse medlemmane blir tekne ut i streik frå byrjinga av arbeidstida søndag 16. april viss YS og NHO ikkje blir samde i helga.
– Eg ser fram til at vi kjem i gang med meklinga. Vi forventar ei heilt anna framdrift enn det vi erfarte under forhandlingane med NHO før påske, understrekar Deltas forhandlingsleiar Marit Solheim.
– Vi er klare for streik viss vi ikkje oppnår eit resultat som treffer godt nok for medlemmane våre, seier ho.
I NHO-oppgjeret forhandlar YS på vegner av 16 000 medlemmar, organiserte i Delta, Negotia, Parat, Safe og Yrkestrafikkforbundet.
Ingen av Deltas medlemmar innanfor NHO-området er tatt ut i streik i første omgang.
Dersom nokon av Deltas medlemmar skal takast ut i streik ved ei eventuell opptrapping vil kvar enkelt få beskjed.