Brot i NHO-meklinga – YS er i streik

Søndag 16. april klokka 17.00 vart det klart at meklinga mellom YS og NHO ikkje ville føre fram. Det betyr at YS går til streik. Ingen Deltamedlemmer er tekne ut i denne omgangen.
- Vi har ikkje fått gjennomslag for våre krav. Vi er sjølsagt svært skuffa over at arbeidsgivar ikkje er villig til å gi alle medlemmene ei lønnsauke som sikrar auka kjøpekraft, seier forhandlingsleiar for Delta i meklinga og nestleiar i Delta, Marit Solheim.
- Etter to år med reallønnsnedgang, og i eit år der norsk økonomi går godt, kan vi ikkje gå med på at lønningane aukar mindre enn forventa prisvekst. Dette er ein streik NHO må ta det fulle ansvaret for, seier Solheim.
Se også: YS har gått ut i streik
Nærare 1 500 YS-medlemmer blir tekne ut i streik frå klokka 06.00 mandag 17. april. Søndag morgen, i samband med meklinga, varsla YS om at ein ny pulje vert tekne ut fra fredag 21. april.
Se også: Nytt streikeuttak i YS for drøye 500 medlemmer
Ingen av Deltas medlemmer innanfor NHO-området er tekne ut i streik i denne omgangen.
Deltamedlemmer som eventuelt skal takast ut i streik ved ei opptrapping i fase 3 vil få beskjed direkte.
Se også: Spørsmål og svar om mekling, streikeforberedelser og streik