Lønnsoppgjer 2023: Organisasjonsavtalen i kyrkja er ferdig forhandla

Fana kirke (illustrasjonsfoto)
Fana kirke (illustrasjonsfoto) Foto: Colourbox

Delta og hovudorganisasjonen for kyrkja, KA, var 4. september einige om eit resultat i mellomoppgjeret for organisasjonsmedlemmer. Hovudtariffavtalen for organisasjonar omfattar verksemder som ikkje er organ i Den norske kyrkja.

Hovudtariffavtalen for organisasjonar omfattar KA-medlemmer som har overdrege partsansvaret sitt til KA, og som ikkje er eit organ innenfor Den norske kyrkja.

Sjå deltaljene i det endelege resultatet her: Protokoll organisasjonsmedlemmer KA 2023 (pdf)

Dette er lønnstillegga

Lønnsgruppe0 år2 år4 år6 år8 år10 år16 år
124.600

24.600

24.600

24.600

24.600

24.600

24.600

223.80023.80023.80023.80023.80023.80024.700
2b23.80023.80023.80023.80023.80023.80024.700
323.80023.80023.80023.80023.80023.80024.200
423.80023.80023.80023.80023.80027.00028.000
4b23.80023.80023.80023.80023.80027.00023.800
526.00026.00026.00026.00028.00031.00038.000

Lønnstabellen viser ny garantilønn og nye ansiennitetstillegg

Ramma for oppgjeret svarer til resultatet for oppgjeret i Den norske kyrkja, men verknadstidspunktet er sett til 01. mars 2023. Tilleggslønnssatsane i organisasjonsavtalen blir ikkje endra.

Vidareutvikling av tariffområdet

Partane er einige om å nedsetja eit partssamansett utval som skal sjå på vidareutvikling av tariffområdet for organisasjonsmedlemmer. Formålet med arbeidet vil vera å utvikla avtalen slik at han varetek lønns- og arbeidsvilkår, verksemdsbehov og er konkurransedyktig innanfor sektoren sin. Utvalet skal gi sin rapport seinast 1. april 2024

Partane har frist til 15. september med å godkjenna oppgjeret.