Meklinga mellom YS og NHO held fram på overtid

Mekling på overtid for YS og NHO: Nestleiar Marit Solheim (til høgre) er forhandlingsleiar for medlemmene til Delta i NHO-området, saman med spesialrådgjevar Sveinung Berger (til venstre) frå arbeidslivsavdelinga. Her ved oppstarten på meklinga.
Foto: Siv M. Bjelland
Ved utløpet av meklingsfristen laurdag 15. april kl 24.00 vart partane samde om å halde fram meklinga på overtid.
YS, LO og NHO har vore i mekling sidan fredag 14. april.
YS krev auka kjøpekraft
– Vi står fast på kravet om auka kjøpekraft. Mange av medlemsgruppene våre har hatt ein stor nedgang i reallønna dei siste åra. Dette kan ikkje halde fram, sa nestleiar i Delta og forhandlingsleiar for Delta-medlemmene i NHO-området, Marit Solheim, før meklinga starta.
Om lag 16 000 YS-medlemmer tilsette i NHO-bedrifter er omfatta av meklinga.
Medlemmene er knytt til YS-forbunda Delta, Negotia, Parat, Safe og YTF.
Følg med på delta.no for utviklinga vidare.