Einigheit mellom YS og Virke i mellomoppgjeret for bustadbyggelag og kinoar

Nestleiar i Delta og forhandlingsleiar for Delta i Virke, Marit Solheim.
Nestleiar i Delta og forhandlingsleiar for Delta i Virke, Marit Solheim. Foto: Thomas Brun /NTB

- Vi er fornøgde med at vi har fått gjennomslag for kravet om reallønnsvekst, seier første nestleiar i Delta, Marit Solheim.

Resultatet inneberer mellom anna eit generelt tillegg på 5 kroner og eit låglønnstillegg på 2 kroner. No held forhandlingane fram i kvar enkelt bedrift. Samla sett er dette på linje med resultatet fra oppgjeret mellom YS og NHO, med ei ramme på 4,4 prosent.

LAST NED: Protokoll YS - Virke 2025 (pdf)

- Med ei prisstigning på 2,7 prosent, slik prognosane tilseier, vil dette oppgjeret gi mange av medlemmene våre reallønnsvekst, forklarer Solheim.

- YS er opptatt av å løfte dei med lågast lønn. Derfor er vi også fornøgd med at Virke kom oss i møte på kravet om eit lavtlønnstilegg, seier ho.

Resultatet i korte trekk

  • Generelt tillegg: 5,00 kroner per time
  • Låglønnstillegg: 2,00 kroner per time (Gjeld berre for kinoavtalen, som ligg på under 90 prosent av gjennomsnittleg industriarbeidarlønn)
  • Ramma for oppgjeret er 4,4 prosent

I tariffområdet Virke forhandlar YS på vegne av om lag 6 000 medlemmer, tilsett i verksemder tilslutta arbeidsgivarorganisasjonen Virke. Desse YS-forbunda er omfatta av forhandlingane med Virke: Delta, Negotia, Parat og Yrkestrafikkforbundet.

Dei sentrale tillegga er dei høgaste som er gitt på mange år. Alle Delta sine medlemmer får 7,5 kroner i timen i generelt tillegg. Partane har vorte einige om ei ramme på 5,2 prosent, som er på linje med oppgjeret mellom YS og NHO.

LAST NED: Protokoll YS - Virke 2023 (pdf)

Det skal også gjennomførast lokale forhandlingar, og her kan dei lokale partane henta ut ytterlegare tillegg.

- Delta har dyktige tillitsvalde som vil sørge for at også desse forhandlingane blir godt ivaretekne, seier Solheim.

Resultatet i korte trekk

  • Generelt tillegg: 7,50 kroner pr time
  • Låglønnstillegg: 3 kroner pr time (Gjeld kun for kinoavtalen)
  • Ramma for oppgjeret er 5,2 prosent

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Delta Direkte tlf. 02125, e-post direkte@delta.no, eller Deltas regionkontor.