Staten: Brot i forhandlingane - lønnsoppgjeret går til mekling

TIL MEKLING: No treng vi hjelp av Riksmeklaren for å få på plass viktige løysingar for medlemmene våre, seier Marit Solheim, nestleiar i Delta og leiar av Deltas forhandlingsutval i staten.
TIL MEKLING: No treng vi hjelp av Riksmeklaren for å få på plass viktige løysingar for medlemmene våre, seier Marit Solheim, nestleiar i Delta og leiar av Deltas forhandlingsutval i staten. Foto: Per Tandberg

– Vi har komme eit stykke på veg, men vi er ikkje i mål. No treng vi hjelp av Riksmeklaren for å få på plass viktige løysingar for medlemmene våre.

Dette seier Marit Solheim, nestleiar i Delta og leiar av Deltas forhandlingsutval i staten, etter at det tysdag vart brot i lønnsoppgjeret i staten.

Partane har ikkje vorte samde om økonomien i årets oppgjer, og ein kom heller ikkje i mål når det gjeld fordelinga av lønnstillegga. Her er det ikkje semje om kor stor del av lønnstillegga som skal givast sentralt, og kor mykje som skal fordelast ute i dei enkelte verksemdene.

Sterkare saman

Det er YS Stat som forhandlar med staten på vegner av 25 000 medlemmer. Herunder Deltas medlemmer i statlege verksemder.

YS Stats krav i årets oppgjer er reallønnsvekst, og at det igjen blir éin felles hovudtariffavtale.

I dag er det to avtalar i staten. Ein for YS og LO, og ein for Akademikerne og Unio.

YS Stat, LO Stat og staten sjølv ønskte éin felles avtale, og staten har forhandla samla med alle hovudsamanslutningane med mål om éin avtale. Det lykkast likevel ikkje å forhandla fram ei løysing som alle hovudsamanslutningane i fellesskap kunne stilla seg bak.

– Vi meiner vi står sterkare saman, og ønskjer å finne løysingar som varetek alle gruppene i fellesskap, seier Jens B. Jahren, leiar i YS Stat.

Artikkelen fortset under biletet

2024 04 29 Jens Jahren foto Vetle Daler.jpg
Jens B. Jahren, leiar i YS Stat (Foto: Vetle Daler)

Ikkje i mål

Sjølv om det vart brot, har Deltas nestleiar Marit Solheim håp om at partane vil komme fram til ei semje.

– Gjennom forhandlingane har vi komme eit stykke på veg. Staten har komme YS og Delta i møte på punkt som er viktige for oss, men vi er ikkje i mål. No treng vi hjelp av Riksmeklaren for å få på plass viktige løysingar for medlemmene våre, seier ho.

Handlar om lønnsutvikling over tid

YS og Delta sitt økonomiske hovudkravet i forhandlingane ligg fast inn i mekling.

– For Delta er det viktig å sikre medlemmene i staten reallønnsvekst. I år handlar det ikkje berre om årets lønnsutvikling, men også om lønnsutvikling og arbeidsvilkår for framtida, seier Marit Solheim.

Partane møtest hos Riksmeklaren 2. mai, og har frist til 23. mai klokka 24.00 for å bli samde.

Her er Deltas medlemmer i staten

Deltas medlemmer i staten jobbar mellom anna i følgjande verksemder:

NAV
Helfo
Bufetat
Havforskingsinstituttet
Landbruksdirektoratet
Fiskeridirektoratet
Sivilforsvaret
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Kriminalomsorgen
Hovudredningssentralen
Skatteetaten

Deltas forhandlingsutvalg i staten

Marit Solheim - leiar av forhandlingsutvalet/nestleiar i Delta
Ivar Somhovd – leiar SKL
Øyvind Randmæl - leiar i AVYO i Delta
Rune Horgmo - AVYO i Delta
Lars Nedrevåg – Hovudredningssentralen
Ragnfrid Magnor-Jensen – Havforskingsinstituttet

YS Stat forhandlar på vegner av følgjande YS-forbund som har medlemmer i staten:
Delta, Parat, Befalets fellesorganisasjon, Norsk Tollerforbund, Kriminalomsorgens Yrkesforbund, Skolelederforbundet og STAFO