PBL-forhandlingane er i gang: - Pensjon må på plass!
Pensjon er eit viktig tema i årets lønsforhandlingar i PBL.
10. juni starta årets lønsforhandlingar mellom Delta og PBL. Delta krev at AFP-ordninga kjem på plass og at det blir reallønsvekst for medlemene.
Pensjon er viktig
Pensjonsordning i PBL har vore eit stridstema mellom partane i mange år. For tre år sidan var det streik i PBL-barnehagar på grunn av pensjon. Streiken førte til at partane vart samde om ei ny pensjonsordning, som skulle bli innført frå 2025. Avtalen slår fast at PBL-tilsette skal bli innlemma i AFP i Fellesordningen frå 1. januar i år, men det har ikkje PBL følgt opp.
- No må AFP på plass også for tilsette i PBL-barnehagar. Det er ingen grunn til at tilsette i PBL-barnehagar skal ha en dårlegare pensjonsordning enn andre barnehagetilsette, seier Marit Solheim, forhandlingsleiar for Delta-medlemer i PBL-barnehagar.
Ny barnehagelov
Stortinget vedtok i førre veke ein ny barnehagelov og eit nytt finansieringssystem for private barnehagar. Dermed er kommunens plikt til finansiering av pensjon lovfesta.
- Dette gjer det lettare å oppretthalde likeverdige pensjonsordningar i barnehagesektoren, og bør gjere det enklare for PBL å holde det dei har lova, seier Solheim.
Frist onsdag
Delta forhandlar saman med Utdanningsforbundet og Fagforbundet.
Forhandlingsfristen er 11. juni.