Dette er resultatet i lønnsoppgjeret i PBL-barnehagane
Alle medlemmene i PBL-området får minimum 18.000 kroner i lønnstillegg.
Torsdag 30. mai vart det einigheit mellom Delta og Private barnehagers landsforbund (PBL) i årets hovudoppgjer.
Last ned: Protokoll (pdf)
Lønnsramma er på 5,2 prosent, som er tilsvarande ramma i kommunesektoren (KS).
- Dette oppgjeret sikrar medlemmene våre reallønnsvekst, seier forhandlingsleiar Marit Solheim, som også er nestleiar i Delta.
- I tillegg er det gledelig at vi har fått styrka bestemmelse om kompetanseutvikling og heva tillegg for tilleggs- og videreutdanning i hovudavtalen. Det har tidligare stått uendra siden 2017.
- Vi har hatt krevjande, men konstruktive forhandlingar. Eg er fornøgd med at vi kom i mål utan mekling, seier Solheim.
Teksten fortsetter under bildet
Delta har forhandla saman med Fagforbundet og Utdanningsforbundet.
Lønnstillegg gjeldande frå 1. mai 2024
Ansiennitet | 0 | 4 | 8 | 10 | 16 + | |
Assistent | 18.000 | 18.000 | 18.000 | 18.800 | 18.800 | |
Fagarbeidar- og barnepleiar | 19.700 | 19.700 | 19.700 | 20.600 | 21.700 | |
Førskulelærarar og pedagogar | 20.700 | 20.700 | 21.700 | 22.700 | 28.800 | |
Pedagogiske leiarar | 22.200 | 22.200 | 23.200 | 24.200 | 30.300 | |
Spesialutdanna* | 22.200 | 22.200 | 23.200 | 24.200 | 30.300 | |
Årsverk | 0-9,9 | 10-13,9 | 14-16,9 | 17-20,9 | 21-26,9 | 27+ |
Styrar | 30.400 | 31.400 | 32.000 | 32.600 | 33.000 | 34.900 |
* Stillingar med krav om høgskuleutdanning og krav om ytterlegare spesialutdanning
Ny minstelønnstabell frå 1. mai 2024
Ansiennitet | 0 år | 4 år | 8 år | 10 år | 16 år | |
Assistent | 385.200 | 392.000 | 404.100 | 444.800 | 478.900 | |
Fagarbeidar- og barnepleiar | 439.400 | 449.500 | 461.100 | 501.400 | 515.700 | |
Førskulelærarar og pedagogar | 513.400 | 517.600 | 531.600 | 585.600 | 600.100 | |
Pedagogiske leiarar | 544.900 | 549.100 | 563.100 | 617.100 | 631.600 | |
Spesialutdanna* | 545.000 | 553.100 | 563.100 | 617.100 | 632.800 | |
Årsverk | 0-9,9 | 10-13,9 | 14-16,9 | 17-20,9 | 21-26,9 | 27 + |
Styrar | 682.800 | 705.700 | 717.800 | 729.700 | 740.300 | 782.400 |
* Stillingar med krav om høgskuleutdanning og krav om ytterlegare spesialutdanning
Tillegg for tilleggs- og vidareutdanning
Satsene for tilleggs- og vidareutdanning er auka.
Dette gjeld:
- Fagarbeidarar
- Ulike stillingar med krav om høgskuleutdanning, mellom anna styrar med godkjend utdanning og ansatte som har relevant tilleggs- og vidareutdanning tilsvarande 30/60 studiepoeng (10/20 vekttal) eller
- Fagskule av eit halvt/ eitt års varigheit
Tiilegga er på mellom kroner 13.000 og 26.000 per år, i tillegg til minstelønn.
Fleire krav som er innfridd:
- Styka tiltak for kompetanseheving er nedfelt i hovudavtalen
- Eit partssamansett utval skal se på livsfasetiltak tilpassa barnehagesektoren.
- Partane legg vekt på at opplæring og utvikling av dei tilsette er viktig, blant anna gjennom arbeidsplassbasert opplæring.
Status for pensjon
Det vanskelegaste temaet i lønnsforhandlingane var pensjon. Det var heller ikkje uventa.
- Derfor er eg fornøgd med at protokollen slår fast einigheita om pensjon fra 2022, seier Solheim.
Ifølgje protokollen skal AFP i Fellesordningen innførast fra 1. januar 2025.
I årets protokoll heiter det at:
«Det partene avtalte om pensjon i november 2022 skal implementeres – jf. protokoll av 16. november 2022.
Dersom det foreligger en rettskraftig dom, eller annen avklaring, som ikke gir full dekning av pensjonskostnader, skal skal partene forhandle om Hovedtariffavtalens kapittel 2. Når forhandlinger har pågått i 14 dager, kan hver av partene kreve forhandlingene sluttført innen en uke, med mindre partene blir enige om noe annet. Ved en eventuell uenighet bringes interessetvisten inn i nærmeste hoved- eller mellomoppgjør.»
Ventar på avklaring
Tidlegare i år gjekk tre private barnehagar til sak mot staten som følge av manglande pensjonsdekking. Dei tre barnehagane vann saka i tingretten, der PBL-barnehagane fekk medhald om økonomisk likeverdig behandling. I etterkant har staten anka. Dermed er det fortsatt usikkerheit rundt framtidig pensjonsdekning for fleire private barnehagar.
Partane er einige om saman å jobbe for å sikre at alle barnehagar i PBL-området skal få dekka dei faktiske pensjonskostnadene sine.