Reisetips: Hjaltland - øyperla i vest

Det er eit rikt fugle- og dyreliv på Shetland. Om lag ein million fuglar av 20 ulike artar.
Det er eit rikt fugle- og dyreliv på Shetland. Om lag ein million fuglar av 20 ulike artar. Foto: Philipe Clemente © Shutterstock

Øya ligg berre ein time med fly frå Noreg. Har ein vore på Shetland ein gong, er det ikkje uvanleg med fleire turar til øyriket.

Av Dagfinn Bjørge, rådgiver landbruk og viltstell i Sveio kommune 

For min eigen del har eg etter kvart vore der mange gongar. Kvifor denne interessa for ei øy som ligg mellom Nordsjøen og Atlanterhavet, som til tider kan ha eit heller barskt klima?

Pantsett

Shetlandsøyane var under norsk herredøme frå omlag 800-900-talet fram til den blei pantsett av danskekongen i 1469, utan at Riksrådet i Noreg var kjent med dette. Det heitte då Hjaltland, men vart seinare Shetland. For pantet blei ikkje innløyst.

På 1600-talet og framover 1700-talet vart Skottehandelen vide kjent. Den var eit viktig bidrag for økonomisk vekst, særskilt i Sunnhordland. På Tysnes, blei m.a. «ferdigbåtar» pakka inn og sendt over til Shetland, der båtane blei montert. Handelen førte elles til rovhogst av skogen i Sunnhordland.

Fiske og veiding langs Shetland var også viktig for oss nordmenn. Småkvalfangsten varte heilt opp til 1980-talet, då kvalen blei freda. Me har også historia med oss frå Shetlandsgjengen under krigen. Denne er nok vide kjent for mange.
Havbruksnæringa er stor på Shetland, der norske selskap er etablert og driv stort i næringa.  Alt dette har vore med på å halde kontakten mellom Noreg og Shetland.(Saken fortsetter etter bildet) 

Gamalnorske ord i bruk

s 6-7 Shetland 7
Shetland si sterke tilknyting til Noreg blir også vist i dag. På stadnamnskilt har dei også med det gamalnorske namnet.

I det Shetlandske språk er det i dag  omlag 800 gamalnorske ord som blir brukt. Gamalnorsken, som dei kalla «norn», var i bruk til godt ut på 1800 talet. Det blei fortalt at den siste som budde på øya Foula, talte «norn» til han døydde på 1920-talet. Det var også norske eigarar av eigedomar på Shetland til langt ut på 1800-talet. Genetisk har Shetlendarar mykje norsk blod i årane.

Etter at  Skottland overtok øyane, blei dei fleste leiglendingar. Dette førte til dårlegare kår. I dag er det fleire gardsbruk som er eigd av landlordar frå Skottland, og Shetlendarar som driv bruka på leigekontrakt. Etter rettssak om eigarhøve for nokre år sidan, har leigar høve til å løysa inn eigedomen, eller at leigar er sikra å drive eigedomen også i framtidige generasjonar.  

Folk, sau, fuglar og ponniar

I dag bur det om lag 23.000 menneske på Shetland. Oljealderen har nådd øya og merkast godt i høve velstand og jobbsituasjon. Jordbruk set sitt preg på øya. Det skal vere omlag 300.000 sau, der det er stort innslag av gamal sauerase, med opphav frå vikingtida. Dette er ein rase som har tilpassa seg det barske klimaet på Shetland. Lammeproduksjonen blir «auksjonert» til oppkjøparar frå Skottland, som kjem og avtalar pris pr. lam. Det vert betalt kontant til gardbrukaren. Dyra blir frakta til Skottland for vidare oppfôring,  før slakting ut på hausten. Shetlandsulla er populær og vide kjent. Strikking av genserar og anna føregår i mange heimar.

s 6-7 Shetland 4
Shetlandsponniar på beite. Der er store lyngheiområde som blir nytta til beiting heile året.

Elles er der mange shetlandsponniar, og om lag ein million fuglar av 20 ulike artar. Der er store lyngheiområde som blir nytta til beiting heile året. I tillegg er torvtaking, som ein ser store spor etter, halde i hevd.  Det er rik flora der, med omlag 800 ulike artar. Landskapet er variert og barskt. Frå lune vikar, til karrig og avskore landskap.

Gjestfrie og glade i nordmenn

Ein finn fleire små handelsstader i grendene som enno er i bruk. Dei ulike tinglaga skipar til ettermiddagsmat og anna på sine samfunnshus, og då møter shetlendarane opp. Det finnest fleire museum og særprega hotell rundt om på øya.

Alle ein møter er gjestfrie og utruleg glade i oss nordmenn. Vil ein planlegge ein annleis ferie,  der ein kan senke skuldrene, nyte naturen, folk og landskap er Hjaltland verdt eit besøk. Øya ligg berre ein time unna med fly - eller 20 timar med båt - om ein heller vil det.

Denne artikkelen har stått på trykk i fagbladet Miljø og utvikling i Delta 1/19.  

s 6-7 Shetland 5
Det finnest fleire museum og særprega hotell rundt om på øya. Alle ein møter er gjestfrie og utruleg glade i oss nordmenn.

 

Fakta om Shetland:

Shetland (også Shetlandsøyene, tidligere også ZetlandengelskShetland Islandsskotsk-gæliskSealtainnlatinAemodae insulaenornHialtland) er en øygruppe, en region og et stattholderskap i Skottland. Øygruppen består av 15 bebodde og 85 ubebodde øyer som strekker seg 150 km fra nord til sør og 75 km fra øst til vest. Hjaltland var i flere hundre år en del av Norgesveldet, men ble i 1469 pantsatt til Jakob III av Skottland av kong Christian I som betaling av medgift for prinsessen Margrete av Danmark.

Den største øya er Mainland; her ligger Lerwick, som er øygruppens administrasjonssenter og eneste by. Øygruppen har et areal på 1462 km² og en befolkning på 21 988. Shetlands motto er det norrøne Með lögum skal land byggja, som er hentet fra Jyske Lov av 1241. Nærmeste by på noe fastland er Bergen (350 km).

(Kilde: Wikipedia)