Arbeidsgjevarprisen 2025: Tysvær kommune kåra til årets arbeidsgjevar

Glade vinnarar av Delta sin Arbeidsgjevarpris 2025 - Tysvær kommune: Frå venstre prisutdelar, juryleiar og 1.nestleiar Marit Solheim i Delta, HR-sjef Kristin Marie Dahle og kommunedirektør Sigurd Eikje i Tysvær kommune, Deltas hovudtillitsvald Bente Irene Førland i Tysvær kommune, forbundsleiar Trond Ellefsen i Delta. Foto: Adrian Nielsen
Glade vinnarar av Delta sin Arbeidsgjevarpris 2025 - Tysvær kommune: Frå venstre prisutdelar, juryleiar og 1.nestleiar Marit Solheim i Delta, HR-sjef Kristin Marie Dahle og kommunedirektør Sigurd Eikje i Tysvær kommune, Deltas hovudtillitsvald Bente Irene Førland i Tysvær kommune, forbundsleiar Trond Ellefsen i Delta. Foto: Adrian Nielsen

Tysvær kommune får årets arbeidsgjevarpris frå fagforeininga Delta. Gjennomgåande god samarbeidskultur, også i dei vanskelege sakene, blir trekt fram hos prisvinnaren i år.

- Tysvær kommune viser korleis ein offentleg arbeidsgjevar kan kombinere strategisk leiing, brei involvering og innovasjon for å skape trivsel, utvikling og berekraftige tenester. Kommunen viser korleis ein arbeidsgjevar kan skape eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø, der tilsette, verneombod og tillitsvalde vert høyrde og involverte, sa Marit Solheim, 1.nestleiar i Delta då ho delte ut prisen under Delta sitt representantskapsmøte på Thon Hotel Arena på Lillestrøm. 

Prisen vart tildelt kommunedirektør Sigurd Eikje og HR-sjef Kristin Marie Dahle. 

Solheim har leida juryarbeidet for Delta sin arbeidsgjevarpris. Prisen har som formål å sette søkelyset på god arbeidsgjevarpolitikk og godt partssamarbeid rundt felles utfordringar i arbeidslivet. 

- Både juryen og Deltas hovudstyre har stilt seg einstemmig bak forslaget til årets arbeidsgjevar, fortale Solheim. 

Deltas hovudtillitsvalt Bente Irene Førland og hovudverneombod Aud Elin Austerheim i Tysvær kommune stod bak nominasjonen. 

- Vi har ein veldig god samarbeidskultur og medarbeidarinvolvering i kommunen. Terskelen er låg for å ta opp ting, også dei sakene som er vanskelege. Viljen er stor for å finne løysingar. Vi har tillit til kvarandre og vil kvarandre godt, seier Bente Irene Førland. 

Stolte vinnarar 

I nominasjonen vart det lagt vekt på at kommunen er ein framtidsretta og inkluderande  arbeidsgjevar med ei heilskapleg satsing på leiing, arbeidsmiljø og medarbeidarutvikling. Mellom anna har dei etablert  Tysværlederen som er ei felles plattform for alle leiarar, hovudverneombod og nokre av organisasjonane. Alle får lik opplæring og jobbar etter eit felles målkart kalla ROMA – rause, open, modig og ansvarleg - som går som ein raud tråd i heile organisasjonen. 

Prisvinnaren var både stolte og takksame for utmerkinga. 

- På vegner av Tysvær kommune er eg stolt og takksam. Når ein arbeidstakarorganisasjon løftar oss fram på denne måten betyr det noko spesielt for oss, fordi det seier noko om at vi lykkast saman. Prisen er først og fremst ei anerkjenning av medarbeidarane våre, og leiarane våre, tillitsvalde og verneombod, seier kommunedirektør Sigurd Eikje. 

- Vi har stor glede av våre tillitsvalde. Vi skal halde fram på same måte som har ført oss hit: Gjennom tillit, samarbeid og ei tru på at vi får meir til når vi gjer det saman, seier HR-sjef Kristin Marie Dahle. 

Viktig å involvere dei tilsette og tillitsvalde 

1.nestleiar Marit Solheim trekkjer fram den heilskaplege tilnærminga til kommunen for å lykkast på fleire felte. I følgje priskriteria skal den som mottek prisen ha vist respekt for dei tilsette sin medbestemmingsrett, ha samarbeidd godt med dei tilsette sine organisasjonar, ha vist vilje til å delegere ansvar og satse på kompetanseheving og utdanning. 

- Det vert jobba kontinuerleg for å auke delen heiltidsstillingar – mellom anna gjennom frivillig bruk av langvakter som er eit tiltak etterspurt av tilsette. Det har blitt mange heiltidsstillingar – deltidsansette får hovudsakleg tilbod om faste heile stillingar. For oss er det gledeleg å sjå at dette òg gjer verksemda til ein attraktiv arbeidsgjevar, sa Marit Solheim under utdelinga. 

Tøffe tider for mange kommunar 

Mange kommunar står for tida i tøffe situasjonar både økonomisk og med mange omstillingar for dei tilsette. 

- Då er det viktig å ha ein arbeidsgjevar som legg vekt på god dialog og involvering med dei tilsette, seier Marit Solheim. 

Prisen består av eit diplom og ei statue utført av kunstnaren Nina Nesje.