Nestleiaren på kvinnedagen 2025: - Vi må snakke meir om kvinners helse

Marit Solheim er 1. nesteiar i Delta. Her foran Krisinn Pjeturssons statue av Olafia Johanssdóttir på Vateland i Oslo: En islandsk kvinne som er hedret for sitt kvinnehelse-arbeid blant nødstilte i Kristiania tidlig på 1900-tallet, og som har fått et område og en klinikk på Grønland i Oslo oppkalt etter seg, like i nærheten av Deltas hovedkontor.
Marit Solheim er 1. nesteiar i Delta. Her foran Krisinn Pjeturssons statue av Olafia Johanssdóttir på Vateland i Oslo: En islandsk kvinne som er hedret for sitt kvinnehelse-arbeid blant nødstilte i Kristiania tidlig på 1900-tallet, og som har fått et område og en klinikk på Grønland i Oslo oppkalt etter seg, like i nærheten av Deltas hovedkontor. Foto: Siv M. Bjelland

Sjølv om Norge er blant verdas beste på likestilling er det framleis eit stykke til vi har full likestilling i Noreg.

Likelønn, heiltid og god arbeidshelse er tre sentrale område der vi ikkje er i mål.  75 prosent av medlemmene i Delta er kvinner. 

Når vi markerer kvinnedagen 8. mars er det naturleg for Delta å retta fokus på kvinners innsats i arbeidslivet og kampen for at kvinner skal ha lik lønn for likt arbeid, heile stillingar og og at kvinner si arbeidshelse blir ivaretatt like godt som menn i arbeidslivet.  

Teksten fortsetter under videon.

Likelønn

Kvinner tener framleis i gjennomsnitt 12 prosent mindre enn menn. Det norske arbeidslivet er framleis svært kjønnsdelt.  Det er systematiske lønnsforskjellar mellom kvinnedominerte og mannsdominerte yrkesgrupper, både i offentleg og privat sektor, og lågare verdsetjing av kvinnedominerte yrkesgrupper. Også der kvinner og menn har same arbeidsgivar ser vi at kvinner tener seks prosent mindre enn menn. Vi er ikkje i mål med likelønn. Derfor skal Delta halda fram med å kjempa for å tetta lønnsgapet.

Heiltidskultur

Kvinner jobbar meir deltid. Framleis blir berre 30 prosent av helsefagarbeidarstillingane lyst ut i heiltid. Heiltid fremjer likestilling. Det gir forutsigbarheit, betre lønn og ei sterkare tilknyting til arbeidsplassen. Samtidig som det gir betre tenester til innbyggjarane våre. Derfor må vi halda fram arbeidet for heiltidskultur både ved at arbeidsgivarar gir deltidstilsette større stillingsbrøker, og lyser ut stillingar som heiltid.

Sjukefråver og kvinnehelse

Kvinner har høgare sjukefråvær enn menn, og det er behov for meir forsking på kvinnehelse. Kvinner i overgangsalder, hormonar og kva dette betyr for livskvalitet og arbeidsevne har heldigvis fått eit større fokus. Det er viktig med ny kunnskap og kanskje også støtte til behandling for dei som treng det, slik at dei kan fungere i jobb og kvardagsliv.

Bli med oss i Delta!

Ved å vera organisert i Delta, står vi sterkare saman for likestilling. Bli med oss i kampen for eit meir likestilt arbeidsliv!

God kvinnedag 8. mars til alle kvinner og alle som har kvinner i sitt liv!

Helsing
Marit Solheim
1. nestleiar i Delta