Delta etterlyser kompetansereform

Delta ber Stortinget foreslå for Regjeringa i statsbudsjettet for 2026 å sette av midlar til ei kompetansereform i kommunal sektor.
Delta leverte tysdag 20. mai skriftleg innspel til "Prop 142 S (2024-2025) Kommuneproposisjonen"med forslag om å løyve midlar til ei kompetansereform i kommunesektoren i statsbudsjettet for 2026.
Står framfor alvorleg krise
Kommunane står overfor ei alvorleg krise. Mangel på kapasitet og kompetanse gjer det vanskeleg for kommunane å løyse grunnleggande oppgåver og tenester, samtidig som stadig fleire kommunar nedbemannar på grunn av trang økonomi.
– Det burde ikkje vere nødvendig å nedbemanne når det er mangel på arbeidskraft, seier Marit Solheim, første nestleiar i Delta.
Ho møtte i Stortinget saman med spesialrådgjevar i Delta, Øystein Holm-Haagensen, for å legge fram forslaga fra Delta i samband med Kommuneproposisjonen.
Regjeringa anerkjenner utfordringane i kommunesektoren i både Revidert nasjonalbudsjett 2025 og Kommuneproposisjonen 2026. For å møte desse utfordringane foreslår Delta ei større satsing på kompetanse i kommunesektoren.
– Treng å lære seg å jobbe smartare
Ei kompetansereform som løftar store grupper tilsette saman, vil gjere dei i stand til å finne nye og meir effektive måtar å organisere og gjennomføre arbeidet på.
– Å satse på dei tilsette ein har og sette dei i stand til å løyse nye og fleire oppgåver, er mogleg med auka satsning, seier Solheim.
Delta foreslår at Stortinget ber Regjeringa om å legge fram forslag om, og bevilge midlar til ei kompetansereform i kommunesektoren i statsbudsjettet for 2026.
Dette er kommuneproposisjonen
Kommuneproposisjonen er det årlege forslaget til korleis inntektene til kommunar og fylkeskommunar skal fordelast det kommande året. Den gir ei oversikt over den økonomiske situasjonen i kommunesektoren, foreslår endringar i inntektssystemet og legg føringar for statsbudsjettet. Proposisjonen er eit viktig politisk dokument som påverkar velferdstilbod, investeringar og prioriteringar i heile landet.