8. mars-markering om kvinnehelse: - Ikkje dytt kvinnene tilbake til heimen

Leiar for kvinnehelseutvalet, Christine Meyer (t.h.), snakka med YS-forbunda om dei store forskjellane mellom helsa til kvinner og menn, og konsekvensar for deltakinga i arbeidslivet.  Nestleiar i Delta, Marit Solheim (t.v.) beit seg særleg merke i det Christine Meyer sa om "sandwich-generasjonen" og manglande utbygging av sjukeheimsplassar. Foto: Liv Hilde Hansen
Leiar for kvinnehelseutvalet, Christine Meyer (t.h.), snakka med YS-forbunda om dei store forskjellane mellom helsa til kvinner og menn, og konsekvensar for deltakinga i arbeidslivet. Nestleiar i Delta, Marit Solheim (t.v.) beit seg særleg merke i det Christine Meyer sa om "sandwich-generasjonen" og manglande utbygging av sjukeheimsplassar. Foto: Liv Hilde Hansen

Leiar for kvinnehelseutvalet, Christine Meyer, gjesta YS på kvinnedagen for å snakka om dei store forskjellane mellom helsa til menn og kvinner.

På 8. mars-frukosten til YS i år var temaet "Bryr vi oss nok om kvinners helse?".  Utvalsleiar Christine Meyer la fram funna frå kvinnehelseutvalet sin rapport, som nyleg vart overelevert helseministeren. Kort oppsummert er svaret nei, vi bryr oss ikkje nok om kvinners helse.

Delta har cirka 70 % kvinner blant sine medlemmar, ein høg andel som jobbar innanfor helse- og sosiale tenester og ein høg andel som jobbar deltid.

Arbeidshelsa til kvinner heng saman både med arbeidet for ein heiltidskultur og ei lovgjeving som beskyttar betre mot emosjonelle arbeidsbelastningar.

- Alt dette ser eg som avgjerande for å betre ivareta kvinner si helse, seier nestleiar i Delta, Marit Solheim. 

Sandwich-generasjonen: - Tilbakeskritt for likestillinga

Christine Meyer nemnde også det ho kalla "sandwich-generasjonen".

Kvinner midt i livet har ofte ansvar for eigne barn, foreldre og eventuelt også partnar samstundes. Ein konsekvens for mange er at dei må redusera stillingsprosenten sin. Nokre får så stort ansvar for pårørande at dei endar opp uføre.

Christine Meyer ser dette i samanheng med manglande utbygging av sjukeheimsplassar.

(Artikkelen held fram etter biletet)

Christine Meyer 2 foto Liv Hilde Hansen.JPEG
Leiar for kvinnehelseutvalet, Christine Meyer, snakka med YS-forbunda om dei store forskjellane mellom kvinners og menns helse, og konsekvensene for deltakinga i arbeidslivet. Foto: Liv Hilde Hansen

- Det har ikkje skjedd noko med utbygginga av sjukeheimsplassar, konstaterte ho.

Kvinner som er middelaldrande vert utsette for motsett press, ved at det ikkje vert bygd ut sjukeheimsplassar.

- Dette er eit tilbakeskritt for likestillinga, sa Meyer.

- Ikkje dytt kvinnene tilbake til heimen

Utvalsrapporten viser at kvinnene si arbeidshelse må prioriterast mykje høgare enn i dag.

- Sett i samanheng med det store og aukande behovet for arbeidskraft i dei kvinnedominerte helsetenestene framover, er det openbart at det må investerast meir i helsa til dei kvinnene vi er avhengige av for å få utført dette arbeidet, seir Solheim.

Nestleiar Marit Solheim beit seg særleg merke i det Christine Meyer sa om "sandwich-generasjonen". Når den store 68-generasjonen blir pleietrengande, vert det endå større press på helsetenestene.

- No må vi også sørge for å bygge ut eldreomsorga i eit omfang som sikrar at vi ikkje dyttar kvinnene tilbake til heimen igjen, seier Solheim.

Store kjønnforskjellar innan helse - kva ligg i det?

Rapporten bekrefter i stor grad at det er kjønnsforskjellar innan helse. Når kvinnehelseutvalet har gitt rapporten navnet "Den store forskjellen", spelar det på uttrykket "den lille forskjellen" mellom kjønna. Berre at når det gjeld kjønnsforskjellene innanfor helse er det ikkje snakk om små, men store forskjellar.

Christine Meyer 1 foto Liv Hilde Hansen.JPEG
Utvalsleiar Christine Meyer: – Vi kan ikkje ha det slik i 2023 at halve befolkninga si helse ikkje vert tatt på alvor. Foto: Liv Hilde Hansen
  • Berre kvinner føder  barn
  • Ein del sjukdommar eller tilstandar vert berre kvinner ramma av. Til dømes endometriose
  • Eller kvinner vert ramma på andre måtar, til dømes muskel- og skjelettlidingar, der fleire kvinner vert ramma.
  • Medikamentbruk treff ulikt. F.eks. ved at medikamenter vert nedbrotne saktare hos kvinner.
  • Kvinnehelse har lågare status. F.eks. at det gjev lågare  DRG-poengsum i finansieringssystemet i helseføretaksmodellen.
    • Fødsel gjev 12.500 DRG
    • Komplisert fødsel gjev 18.000 DRG
    • Forstørra prostata gjev 19.000 DRG (1 times ukomplisert operasjon)

- Legar og sjukepleiarar er einige om at angst og fibromyalgi hamnar nederst på prioriteringslista i helsevesenet, sa Meyer.

Kvinner vert oftare ramma av angst og fibromyalgi.

Auke i plager blant yngre kvinner

Lidingar som migrene, psykiske plager og eteforstyrringar  aukar, og aukinga er i større grad rapportert frå unge kvinner og jenter.

  • Nokre jenter fell varig ut av arbeidslivet i tidleg alder
  • Nokre får store hol i cv'en
  • Nokre står igjen med arbeidsplassar med låg løn og store belastningar
  • Kvinner i etableringsfasen har høgare sjukefråvær enn menn
  • Tilsette i helse- og sosiale tenester har høgare sjukefråvær blant kvinner
  • Arbeidsmarknaden er svært kjønnsdelt
  • Kvinner midt i livet er meir utsett for muskel- og skjelettlidingar:
    • 30 % kvinner vert ramma
    • 20 % menn vert ramma

Muskel- og skjelettlidingar kostar samfunnet 255 milliarder i året.

- Å kutta litt ned på andelen som vert ramma, vil bety mykje, seier Meyer.

Ei av tre kvinner på uføretrygd har muskel- og skjelettlidingar. Utvalet ser dette også i samanheng med overgangsalderen hos kvinner, som det er forska lite på.

Snakk meir om overgangsplager

Kvinner vert i svært ulik grad råka av overgangsplager, men mange vert råka svært sterkt. Fleire endar med å gå ut i deltidsstilling.

Muskel- og skjelettlidingar omfattar også beinbrot. Kvinner har i utgangspunktet lågare beintettheit enn menn, og tapar ytterlegare beinmasse i samanheng med menopause. 70 % av beinbrot råkar kvinner.

Likevel snakkar ikkje kvinner med arbeidsgjevar om overgangsalderen.

- Dette har vi ikkje begynt å snakke om i Noreg ennå, konstaterer Meyer.

YS forventar at regjeringa følgjer opp

Hans-Erik S Christine Meyer Lizzie RT foto Liv Hilde Hansen.jpeg
YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud (t.v.) og nestleiar i YS, Lizzie Ruud Thorkildsen (t.h.) saman med utvalsleiar Christine Meyer. Foto: Liv Hilde Hansen

YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud forventar at regjeringa følgjer opp innhaldet i rapporten.

- Kvinnehelseutvalet har levert eit veldig viktig kunnskapsgrunnlag som kan bringa oss nærmare målet om full likestilling mellom kvinner og menn i Norge. Kvinner og menn sin kropp og helse er forskjellig. Når vi forheld oss til dei som om dei var like får vi utfordringar. Slik er det i dag. Dette er noko av det kvinnehelseutvalet peikar på, seier Skjæggerud.

- Kvinnehelseutvalet har gitt oss både ei diagnose og ein resept. Det siste i form av 75 tiltak og eit estimat om kostnadar til desse. Eg forventar at regjeringa følger opp dette. Viss ikkje vil YS dytta så hardt vi kan for å få ei gjennomføring. Dette betyr mykje for enkeltpersonar, familiar, arbeidsplassar og deltakinga i arbeidslivet og samfunnet, seier YS-leiaren.

Nokre hovedfunn frå rapporten til kvinnehelseutvalet

Her er nokre av konklusjonane i rapporten til kvinnehelseutvalet:

  • Det er stort behov for å sjå på samanhengen mellom kvinnehelse og arbeidshelse.
  • Det trengs meir forskning som kan knekka koden for kvifor kvinner har høgare sjukefråver enn menn.
  • Lover og forskrifter må ta meir hensyn til emosjonelle belastningar, ikkje berre fysiske skader.
  • Betre førebygging er mogleg - det krev:
    • Lågterskeltilbod for psykiske lidingar
    • Oppfølging av gravide arbeidstakarar
    • Fokus på arbeidsmiljø og god leiing
    • Førebygging av beinskjørheit
    • Utbygging av eldreomsorga